Leiklaget er kanskje det særlaget dei fleste identifiserer med BUL, "dei som danser i gatene 17.mai." Men vi er mykje meir.
Aldersmessig spenner vi frå dei aller yngste i barnegruppa og heilt opp til dei som har lang "fartstid" i laget. Barnegruppa har eigne øvingar med vaksne leiarar.
Leiklaget har som særskilt oppgåve å arbeide for, og å utvikle norsk folkedans og musikk. Vi har trua på at dette best lar seg gjere gjennom eit triveleg miljø der både det faglege og det sosiale virkar i hop. Såleis har vi faste leikøvingar, framsyningar, vi held ulike typar kurs, vi drar på turar og vi arrangerar festar. Laget brukar ellers betydelege ressursar på instruktørutvikling.
Melder du deg inn i Leiklaget, er du automatisk også medlem i Troms ungdomsfylking og i Noregs Ungdomslag. Som medlem i laget får du ein solid basis for å delta i folkedansmiljøet både lokalt og på fylkes-/landsplan.
Vi ynskjer deg derfor velkommen til Leiklaget i BUL.
Leiar:Odd-Aril Finnes, telefon 97659202
Vi held til i BUL-huset i underetasjen på Quality Hotel Saga, inngang frå sjøsida. Nye og gamle dansarar er velkomne.
|