NU hadde landsmøte i Oslo 21.-22.april. Bul Tromsø har utsendingar til slike møte.
Kurt, Kari Anne, utsending frå TUF, Veronika og Sidsel var med i år. NU er paraply-organisasjonen vår. Er du medlem i BUL, er du og medlem i NU. Det er 14.000 medlemmar i NU fordelt på 450 lokallag. Hovudaktivitetane er folkedans, amatørteater, barne-og ungdomsaktivitetar og bunadsarbeid.
NU vart stifta i 1896. Gå inn på NU si heimeside og gjer det kjent med NU og arbeidet dei driv.
På landsmøtet er det vanlege årsmøtesaker og valg. I tillegg er det politiske debattar om aktuelle saker. Landsmøtet vedtek fråsegner som blir brukt mot media og i samfunnsdebatten. Denne gongen var det oppe bl.a. fråsegner om nynorskbruken, om innhaldet i kulturskulen, om Hulda Garborg på Norwegian si flyveng og om klimameldinga.
Endre Kleiveland vart vald som ny leiar. Fleire kjenner han som dyktig folkedansinstruktør og felespelar. I Styret sit også Ellen Mersland, Stine Skoglund Machiedo og Herman Lund, som alle bur i Tromsø.
På biletet ser vi Tromsø-utsendingane og den nye leiaren Endre Kleiveland. Det andre biletet viser Troms-benken på Landsmøtet. Det var ei triveleg helg med fagleg og sosialt utbytte.
Sidsel Lilleng |