Hovedsiden  Om BUL  BUL-Huset  Hovedlaget  Spellemannslaget  Husflidslaget  Folkedans  Friidrett  Orientering  Fosshøgda  Tussevollen  BUL-Posten  Linker
 
 
 

Historikk


Bondeungdomslaget i Tromsø vart stifta den 5. juni 1914, som ein positiv miljøfaktor for landsungdom som kom flyttande til byen. Laget knytta seg til den frilynte ungdomsrørsla, som allereie var samla i Noregs Ungdomslag, og som vaks fram av den politiske og nasjonale folkereisinga rundt hundreårsskiftet. Rørsla sine merkesaker var opplysningsarbeid, fredssak, målsak og norsk kultur og tradisjon.

Ettersom aktiviteten auka og interessene til medlemma vart fleire og ulike, vart det danna undergrupper; Leiklaget (1925), Saumarlaget (1926) og Idrettslaget (1966). I dag har Idrettslaget to store grupper, o-gruppa og friidrettsgruppa. Leiklaget har barneleik, leik og mimring. Saumarlaget er borte men i 2008 ble husflidslaget stifta og vi har også et spelemannslag. Vi har i dag omlag 400 medlem i alle aldrar, eit triveleg miljø og god aktivitet.

Laget har hatt kafédrift sidan 1917 og drive Quality Hotel Saga sidan 1969, med sikte på å skaffe pengar til lagsdrifta.

BUL Tromsø er eit av lokallaga i Noregs Ungdomslag (NU) og fylkeslaget Troms Ungdomsfylking (TUF). Gjennom denne organisasjonen får medlemma tilbod om å delta på kurs, seminar og stemner, både innan- og utanlands. Kvart år er det folkedansfestival, ulike fylkeskurs og stemner  kor ein får ta del i dei aller fleste aktivitetane som organisasjonen har, og fagseminar for dei ulike "fag"-områda. Kurs av ymse slag vert halde både på lands-, fylkes- og lokalplanet, og er eit utmerka høve til å bli kjent med folk frå andre lokallag og utveksle erfaringar i eit alkoholfritt miljø.

Idrettslaget i BUL er og medlem i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité og særforbundene Norges Orienteringsforbund og Norges Friidrettsforbund.

 

Kontaktinformasjon

BUL-kontoret finner du i underetasjen på hotell Saga - inngang fra sjøsiden.

Kontoret er betjent
Tirs 14:00-20:00
Ons 10:00-15:00
Tors 10:00-15:00
... og ofte ellers

Postadresse:
Postboks 43
9251 Tromsø

e-post lagskontoret@bul-tromso.no

tlf: 77 60 70 15

ORG.NR: 879 931 452

Nettansvarlig:
Jan Schjetlein
mail: lagskontoret eller privat
tlf: 77 60 70 15 / 905 70 469

Grasrotandelen Bruk ORG.NR. 879 931 452

Logo Saga hotell


 
NYHETER

»

25.04.2013
Ny logo for BUL Tromsø

»

17.04.2013
BUL-kontoret vil være ubetjent torsdag 18. april 2013

»

10.04.2013
Nybegynnerkurs i orientering

»

09.04.2013
Ny rekord på samspilløving i mars 2013.

»

05.03.2013
VELKOMMEN TIL HUSFLIDSKAFE 13. MARS.
» Vis alle
 
 
Copyright © 2013 Bondeungdomslaget i Tromsø | Web av Nettproffen AS