Hovedsiden  Om BUL  BUL-Huset  Hovedlaget  Spellemannslaget  Husflidslaget  Folkedans  Friidrett  Orientering  Fosshøgda  Tussevollen  BUL-Posten  Linker
 
 
 

 

Bilde av Fosshøgda Gård

FOSSHØGDA GÅRD

Fosshøgda kan tingast for overnatting og samvær både for medlemmer av BUL Tromsø og andre. Det er 19 senger fordelt på 2- til 6-sengsrom. I tillegg er det 12 brisker med madrass på loftet, som kan brukast i den varme årstida. Huset inneheld mellom anna to stover, kjøkken, bad, dusjar, toalett, TV, badstu og oppvaskmaskin.

  • Korleis bestille og kva kostar det? Les meir.
  • Kor ligg Fosshøgda? Korleis kome seg dit? Sjå her.
  • Husreglar for ferieheimen på Fosshøgda Gard.
  • Ei oppfrisking om Fosshøgda Gard si bakgrunn.

Bilde av badstua på Fosshøgda

Bilde av låven på Fosshøgda

KORLEIS BESTILLE FOSSHØGDA:

Kontakt:

Einar Mjølhus, tlf. 776 87648, e-post einar.mj@online.no

Tinginga er gjeldande når du har fått stadfesting, munnleg eller på e-post. Får du ikkje kontakt med Einar, kontakt Chris Bull-Berg, e-post olecbb@gmail.com , tlf. 951 16 459.

For meir informasjon:

Fosshøgdastyret: Einar Mjølhus (utleigeansvarleg)

tlf 776 87648

e-post: einar.mj@online.no

Styret har bestemt at aktivitetar organisert av BUL skal ha eit visst føretrinn på Fosshøgda. Det inneber at eksterne grupper normalt ikkje kan tinga Fosshøgda tidlegare enn 1. april for 2. halvår / 1. oktober for første halvår påfølgjande år.

UTLEIGEPRISAR

Følgjande prisar gjeld frå 1. juli 2009:

MEDLEMER:

  • Vaksne kr. 100,- pr. døgn
  • Barn 4-14 år kr. 50,- pr. døgn
  • Barn <4 år gratis
  • Leige heile huset kr. 1200,- pr. døgn
  • Leige av sengetøy kr. 50,- pr. gong
  • Campingvogn/telt kr. 20,- pr. døgn pluss kr. 10,- pr. person
  • Badstu gratis
  • Dagsbesøk gratis
  • Depositum blir ikkje krevd

IKKJE-MEDLEMER:

  • Vaksne ikkje-medlemer kr. 200,- pr. døgn
  • Barn 4-14 år kr. 50,- “
  • Barn <4 år gratis
  • Leige heile huset kr. 2000,- pr. døgn
  • Leige av sengetøy kr. 50,- pr. gong
  • Campingvogn/telt kr. 50,- pr. døgn pluss kr. 20,- pr. person
  • Badstu gratis
  • Dagsbesøk gratis
  • For organiserte møter, seminarer etc utan overnatting betales kr 300,- pr dag
  • Depositum kr. 500, blir ikkje refundert ved avbestilling seinare enn 1 måned før utleige

Nyklar:

  • Nyklar skal hentast frå og leverast tilbake til resepsjonen på Saga Hotel.

Oppgjer:

Betaling skjer til:

Bank  4700.66.91036

Bul Tromsø
Fosshøgda Gard
Boks 43
9251 Tromsø

Hugs å oppgi kva betalinga gjeld. (Skriv helst besøksnummeret fra gjesteboka på betalingsblanketten.)

 

KVAR LIGG FOSSHØGDA? KORLEIS KOMME SEG DIT?

Fosshøgda gard ligg i Målselv kommune, vel 2 timers køyring frå Tromsø (ca 135 km). Frå E-6 ved Bardufoss tar ein av og følgjer veg 853 forbi Bardufoss flyplass. Køyr forbi Fossmotunet, over demninga ved Bardufossen og vidare opp bakken. På toppen av bakken er det skilta "Fosshøgda gard" til høgre.

Ordensregler for ferieheimen på Fosshøgda Gard.

Når du kjem til garden:

- Før deg inn i gjesteboka og gjer deg kjent med branninstruks og rømmingsvegar.

Under opphaldet:

- Hent tørr ved frå yttergangen eller i skjulet under låvebrua.

- Røyking er ikkje tillatt. Hunder er tillatt berre i yttergangen.

- Arrangement i BUL-Tromsø sin regi er rusfrie. Vi ber gjestene syne måtehald med alkohol.

Før du reiser frå garden:

- Rydd og gjer reine alle rom som har vore i bruk. Putevar skal takast av og leggjast på senga.

- Slå av oppvaskmaskina og dra ut støpsel til kaffetraktar og vatnkokar.

- Set termostatane på varmeomnane ned til 10-12 grader.

- Ber søppel ut til stativet ved vegen.

- Fyll opp vedkassa i stua og i yttergangen.

Ved særskilt avtale kan rydding og vasking avtalast med styrar/tilsyn. Kostnad/gebyr for vasking er kr. 750.-

 

 

EI OPPFRISKING OM BAKGRUNNEN FOR EIGARSKAPET TIL FOSSHØGDA

Noregs Ungdomslag hadde frå 20- åra og frametter "skogsaka" som ei av de fremste merkesakene sine. Parolen, "Kle fjellet" lydde landet over.

I Troms var Reidar Bathen fylkesskogmeister på denne tia. Bathen var ein fengande agitator, ikkje minst mellom ungdomen, og lag etter lag kom i gang med planting. Bondeungdomslaget i Tromsø var mellom dei.

Reidar Bathen hadde sakna felt der forstfolka kunne drive forsøk og røyne seg fram til det som høvde best. Ikkje minst var dette nyttig i Troms som ligg i nordgrensa for nåletrea. Tanken mognast med åra, til årsmøtet for L/L Kaffistova åt BUL 25.01.45, blei det satt av Kr. 25.000,- til kjøp av skogfelt åt Bondeungdomslaget.

Petter Benum, Aasmund Vibe og Toralv Lunde fekk i oppdrag å finne lagleg felt. Under ordskiftet om spørsmålet vart det streka under at feltet også måtte høve som utferdstad for lagsfolka i BUL. Reidar Bathen vart strålande glad for vedtaket, og lovde all hjelp med å finne lagleg felt.

Etter fire års leiting peika R. Bathen på eigedomen Fosshøgda, gnr. 50, bnr. 2 i Målselv, som lagleg. Eiendommen låg uvanleg vakkert til, mellom Bardufossen og Målselvfossen. Skogarealet var på kring 3500 da. Med god bonitet. Våningshuset var heller stort, med peisestove, ei mindre stove og to kjøkken i 1. høgda og 6 rom i 2. høgda. På kvisten var overflod av plass som kunne være tenelig i sommartida.

Lærar Lars Jevningen, som eigar av garden, var viljug å selje til BUL, men det stod att å få konsesjon av Målselv heradstyre. Det fekk laget samrøystes, men med klausul at gardsbruket skulle drivast.
Den 1. juni 1950 overtok BUL eigedomen Fosshøgda. Kjøpesummen var kr. 51.000,- og for noko reiskap og utstyr betalte ein kr. 5000,-.
I eit skogfond fekk ein kr. 25.000,- som rentefritt lån på 30 år, resten blei dekt med eigne midlar.

Representantskapet i BUL valde ei nemnd som skulle ordne med kjøpet og organisere drifta. I nemnda kom desse med:

Torvald Nilsskog
Aasmund Vibe
Toralv Lunde
Varamenn: Elvine Balsvik og Erling Liljedal

Den 20.juni 1950 gjorde BUL avtale med L/L Kaffistova åt BUL som tok på seg drifta av gardsbruket. Det vart sett opp leigeavtale mellom BUL og L/L, der det i punkt 3 heiter:

  • Bondeungdomslaget skal drive skogkultiveringsarbeidet. L/L leiger og driv gardsbruket.
  • Som leige betaler L/L: Det skal ha alt vedlikehald på garden av hus og reiskap.
  • BUL skal få nytte ledige rom som ferieheim.
  • L/L betaler utlegget med skog kultiveringa mot å få innkoma av ved og virke som utvinnast til sal etter påvisning av forstfolka.

 

 


 
Fosshøgda kalender
Hold musepekeren over gul dato
for å se reservasjoner.
Fosshøgdastyret

Leder Chris Bull-Berg 951 16 459
Medlem Ingebrigt Myrvoll 913 71 944
Medlem

Øystein Nilsen

994 91 299
Medlem Inger Mjøsund 994 24 270
Medlem

Einar Mjølhus

992 38 926
1. Vara

Jan Schjetlein

905 70 469
2. Vara Per Arne Engstad

480 68 722


 
Copyright © 2013 Bondeungdomslaget i Tromsø | Web av Nettproffen AS